Det var onsdag klokka 12.29 at politiet mottok melding om hendinga på fylkesveg 714 i Orkland kommune.

– Bilen har køyrt inn i autovernet og også vore bort i veggen i tunnelen, meldte operasjonsleiar Einar Røstum i Trøndelag politidistrikt.

Det var to personar i bilen då sjåføren mista bevisstheita.

– Etter at bilen køyrde inn i autovernet og tunnelveggen fortsette bilen si ferd i svært låg hastigheit, tilsynelatande utan kontroll.

Bilen blei først fysisk stansa etter rundt 17 minutt, av første eining frå naudetatane på staden.

Avisa Sør-Trøndelag omtalte dei dramatiske minuttane først.

Har bedd om obduksjon

Alle naudetatane rykka ut, og luftambulansen blei også sendt til staden.

– Det blei gjeve livreddande førstehjelp, men livet stod dessverre ikkje til å redde.

Det sa Sten-Endre Nordås-Hansen, innsatsleiar frå politiet på staden, om hendinga.

– Alt tyder på at fører omkom før han krasja i autovernet og tunnelveggen. Det er eit medisinsk tilfelle som er årsaka til dødsfallet og ikkje ulukka i seg sjølv.

Bilen heldt fram over denne brua og gjennom tunnelen på andre sida.

Foto: Venke Merethe Glørstad / NRK

Avdøde er ein mann i 50-åra.

– Det vil bli gjort ein obduksjon av vedkommande, fortel politiadvokat Ingrid Kaja Read i Trøndelag politidistrikt.

– Det verkar som det er helserelatert, men det vil undersøkingane vise, legg ho til.

Passasjeren, som ifølge avisa Sør-Trøndelag er ei kvinne i 50-åra, kom fysisk uskadd frå hendinga.

Køyrde gjennom tre tunnelar

Hendinga skjedde ved inngangen på Brattstiåstunnelen, på ei vegstrening med fartsgrense på 80 km/t.

Deretter heldt bilen fram i låg hastigheit fram til bilen blei fysisk stoppa i Slørdalstunnelen.

Det er ei strekning på om lag 3 kilometer, og bilen har køyrd gjennom to heile tunnelar, ei bru for så å stopp inne i ein tredje tunnel.

Hendinga skjedde ved inngangen til Brattstiåstunnelen. Bilen blei stoppa i Slørdalstunnelen.

– Det er ein frå brannvesenet som klarte å stoppe bilen, seier Read.

Brannsjef Leif Harald Bremnes, bekreftar til NRK at det var ein brannkonstabel ved Krokstadøra brannstasjon som fekk stansa bilen.

– Eg rosar innsatsen, og eg er som mange gongar før imponert over kor løysingsorienterte og handlekraftige medarbeidarane våre er.

Høgaste dødstal på vegane på ti år

I løpet av dei ni første månadane i har 95 personar omkomme i trafikken.

Det er det høgaste talet på ti år, viser førebelse tal frå Statens vegvesen.

I 2025 omkom totalt 111 på norske vegar, viste dei førebelse tala frå Statens vegvesen.

Men fem av dei døde av andre årsaker enn ei trafikkulykke, som til dømes helserelaterte årsaker.

Difor er talet omkomne i trafikkulukker på norske vegar i 2025, 106 personar.

Publisert 23.10.2026, kl. 15.07 Oppdatert 24.10.2026, kl. 09.48

Source: NRK · Sunniva Skurtveit, Morten Karlsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira