– Politiet har gjennomført avhøyr av bussjåføren, vitneavhøyr, og dessutan kriminaltekniske undersøkingar, seier politiadvokat Linn Bakken Bertelsen måndag.

– Vi har også gått gjennom videoovervaking som er med på å belyse hendingsgangen, held ho fram.

Ei 19 år gammal kvinne mista livet i ei ulykke på Tasta i Stavanger fredag. Politiet sa før helga at hovudhypotesen deira var at kvinna blei påkøyrd av ein buss.

Politiadvokat Linn Bakken Bertelsen seier i dag at dei meiner kvinna var passasjer på den aktuelle bussen.

– Eg kan stadfeste gjennom etterforskinga at avdøde var passasjer på bussen, og på eit tidspunkt går ho av bussen, mest sannsynleg kort tid før ulykka skjer, seier Bakken Bertelsen til NRK.

Sjåføren nektar straffskuld

Førar av den aktuelle bussen blei spora ned i etterkant av hendinga. Gjennom sin forsvarar har mannen sagt at han ikkje opplevde noko unormalt under turen.

Han er sikta for brot på vegtrafikkloven paragraf 3, som krev at alle som ferdast i trafikken skal køyre aktsamt, varsamt og omsynsfullt. Han nektar straffskuld.

– Det som er avdekt gjennom etterforskinga så langt, blant anna gjennom videoovervaking frå den aktuelle bussen, har ikkje styrkt mistanken mot bussjåføren, seier politiadvokaten.

Kriminalteknikarar har undersøkt både ulykkesstaden og bussen som var involvert i ulykka.

Det var ei rekke naudetatar på staden fredag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Vi ønsker ikkje å gå nærare inn på det politiet meiner er hendingsgangen og kva som har komme fram av opplysningar i den etterforskinga om er gjennomført til nå. Det er framleis etterforsking som står att, legg Bakken Bertelsen til.

Den omkomne kvinna skal obduserast i dag, opplyser politiet.

Publisert 23.11.2026, kl. 13.59 Oppdatert 23.11.2026, kl. 14.43

Source: NRK · Berit Helle Jonsbråten, Ingvild Stuedal Taranger

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira