– Det er ein draum. Og no har eg skjønt at det er ekte, seier Tete Lidbom.

NRK møter han i Porto Heli i Hellas på innspelinga av den nye sesongen av Mesternes mester.

Det er første gong han leiar programmet, der ti tidlegare idrettsutøvarar kjempar om å bli Mesternes mester. Forgjengarane til Lidbom er Aksel Lund Svindal og Dag Erik Pedersen.

Få med deg dei nye deltakarane lengre ned i saka.

Svindal leia det nye konseptet Mesternes mester team tidlegare denne hausten.

Svindal har fortalt at han ikkje hadde moglegheit til å leie både Team-versjonen og den ordinære utgåva av programmet. Til VG har han sagt:

– Det er udramatisk og det var praktiske årsaker til at det blei slik.

NY PROGRAMLEIAR: Tete Lidbom leiar programmet for første gong.

Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

Vil setje sitt eige preg på det

Lidbom har lang erfaring frå tidlegare programleiarjobbar i radio, mellom anna i fotballpodkasten Heia fotball og Norske tilstandar på NRK P3. Han har også gjort ein del TV, mellom anna MGP og Maskorama.

– Det er ein heilt fantastisk jobb. Det å få lov til å jobbe med dei beste folka både av og på kamera. Det å bli kjend med og forhåpentlegvis få fram kor nydelege folk desse idrettsheltane er. At det er meir enn resultata og prestasjonane dei har gjort gjennom karrierane sine. Eg føler meg veldig privilegert som får lov å oppleve dette, seier Lidbom.

MESTERNES MESTER: Ti nye deltakarar kjempar om den gjæva tittelen.

Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

Han fortel at han har fokus på å vere seg sjølv når han er programleiar for å leggje sitt preg på programleiarrolla.

– Dei to som har gjort det før meg, Aksel og Dag Erik, har vore fantastiske programleiarar, seier Lidbom.

Då han skulle tre inn i den nye rolla, prøvde han likevel å ikkje tenkje for mykje på kva forgjengarane har gjort.

– Eg har også prøvd å respektere at Mesternes mester er eit kjempepopulært program, som ikkje nødvendigvis treng forandring, men forhåpentlegvis kan eg tilføye noko som gjer at det blir gøy å sjå på, seier Lidbom.

To søsken er med

Førre veke blei det klart kven som vann Mesternes mester team. No kan ein sjå fram mot 1. januar og premiera på den 18. sesongen av den «vanlege» utgåva.

Der er ti nye deltakarar klare for å kjempe om Mesternes mester-pokalen. Her er deltakarane:

  • Hege Bøkko (35), skøyter
  • Håvard Bøkko (39), skøyter
  • Cathrine Larsåsen (39), friidrett
  • Alexander Bonsaksen (39), ishockey
  • Julie Thorsen (27), stuping
  • Emil Meek (38), MMA
  • Hedvig Wessel (31), frikøyring
  • Lars Bohinen (57), fotball
  • Nina Bansal (40), taekwondo
  • Tarjei Bø (38), skiskyting

Skiskyttarlegende Tarjei Bø er blant dei ti som skal kjempe om å bli Mesternes mester.

– Det er kjempekjekt. Det er jo ein heilt nydeleg plass også, så det er kjekt å får vere med, seier Bø.

Tidlegare ishockeyspelar Alexander Bonsaksen er også blant deltakarane i årets sesong.

– Det er veldig gøy. Dødskult. Eg er glad eg får moglegheita. Det er jo ei ære å få lov å representere sporten sin, og kople konkurranse-hovudet på att, seier Bonsaksen.

  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Hege Bøkko, skøyter

    • 35 år, frå Hovet i Hol kommune
    • Ho er ein av Noregs fremste kvinnelege skøyteløparane på sprint- og mellomdistanse. Ho har tatt seks medaljar i junior-VM. Ho har til saman 16 NM-gull. Ho har også delteke i tre OL (2010, 2014 og 2018). I 2017 sletta ho den 17 år gamle norske rekorden på 500 meter. Både den og hennar noregsrekord på 1000 meter står enda. Ho la opp i 2020.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Håvard Bøkko, skøyter

    • 39 år, frå Hovet i Hol kommune
    • Bøkko slo gjennom internasjonalt i ung alder og tok rolla som Noregs fremste allroundløpar. I 2009 blei han historisk då han tok pallplass på alle distansar i eit allraound-VM. Han har OL-gull i lagtempo frå 2018 og OL-bronse på 1500 m frå 2010, 11 VM-medaljar, inkludert gull på 1500 m i 2011 og seks EM-medaljar. La opp i 2020.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Cathrine Larsåsen, friidrett

    • 39 år, frå Oslo
    • I over ti år var ho Noregs leiande kvinnelege stavhoppar og 2009 blei ho første norske kvinne over 4 meter. Ho står med 4,40 meter utandørs og 4,41 meter innandørs som personlege rekordar. Ho har ti NM-gull utandørs og fem innandørs. Ho vann Kongepokalen i 2008.  Ho har deltatt i fleire EM og VM. Ho tok mellom anna ein 8. plass i EM-finalen i Barcelona i 2010. Ho la opp i 2017.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Alexander Bonsaksen, ishockey

    • 39 år, frå Oslo
    • «Bonsa» er ein merittert ishockeyback med ein 20 år lang karriere bak seg og over 1000 kampar på toppnivå. Han spelte 345 kampar og vann tre NM-gull med Vålerenga, og vore med i tre OL og ti VM med det norske landslaget. Han har spelt for klubbar i Sverige, Tyskland og Finland. På slutten av karrieren spelte han for Frisk Asker før han vende tilbake til Vålerenga.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Julie Thorsen, stuping

    • 27 år, frå Bergen
    • Som dotter av tidlegare landslagstrenar i stup, Paul Thorsen, var vegen inn i sporten naturleg for Julie. Ho innleia karrieren tidleg i Bergen stupeklubb og deltok i 2013 i NRK-programmet «Best i mest». På juniornivå tok ho ti NM-gull og totalt 19 NM-medaljar. Ho har også ein bronse i lag i junior-EM. Som senior har ho fem NM-gull og i alt 25 NM-medaljar i perioden 2012–2017.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Emil Meek, MMA

    • 38 år, frå Nesna, busett i Larvik/Oslo
    • Han oppdaga kampsport som 21-åring. Han blei raskt ein av dei beste innan MMA og sette idretten på kartet i Noreg. Det store gjennombrotet kom i 2016, da han vann over legende Rousimar Palhares. Det blei billetten hans inn i Ultimate Fighting Championship (UFC). I sin profesjonelle karriere gjekk han 17 kampar med ti sigrar. La opp i 2024.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Hedvig Wessel, frikøyring

    • 31 år, frå Oslo
    • Wessel starta med kulekøyring. Ho har delteke i to OL, eitt i 2014 og eitt i 2018. Ho la opp som kulekøyrar i 2018 og starta med frikøyring. I mars 2024 blei ho verdsmeister samanlagt i frikøyring, etter å ha vore nær å vinne tittelen fleire gonger. Ho la opp med konkurranse i 2024.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Lars Bohinen, fotball

    • 57 år, frå Vadsø og Mo i Rana, busett i Oslo
    • Kjend som ein kreativ midtbanespelar på landslaget i stordomstida til «Drillos», med ti mål på 49 landslagskampar frå 1989 til 1999.  Han har spelt for fleire klubbar i Premier League, Nottingham Forest og Blackburn. Han har også spelt for klubber som Vålerenga, Viking, BSC Young Boys, Derby, Lyngby og Farum. La opp i 2002.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Nina Bansal, taekwondo

    • 40 år, frå Oslo
    • Ho oppdaga kampsporten taekwondo som 16-åring og blei fort ein profilert utøvar innan greina mønster i taekwondo WT. Ho har ein lang merittliste, med Noregs første sølvmedalje i VM. Ho har også fire EM-gull, 14 nordiske meisterskapsgull og 15 NM-titlar. Bansal markerte seg også som landslagstrenar både då ho var aktiv og etterpå. La opp i 2023.
  • Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

    Tarjei Bø, skiskyting

    • 38 år, frå Stryn
    • Tarjei Bø er ein av Noregs mest meritterte skiskyttarar gjennom tidene. I sesongen 2010/2011 vann han verdscupen samanlagt som 22-åring. I OL har han vunne tre gull, to sølv og ein bronse. I VM har han over 20 medaljar, der tolv er gull. Han vann også sprintcupen i 2023/2024. Til saman har han 64 individuelle pallplassar i verdscupen. La opp i 2025.

For første gong deltek også to søsken. Skøyteløparane Håvard Bøkko og Hege Bøkko er vant til å reise mykje i lag etter tolv år saman på landslag.

– Det er alltid trygt å ha nokon du kjenner litt ekstra godt. Men eg føler jo at eg er ganske sjølvstendig og hadde fint klart meg utan ein bror her òg. Men det er jo gøy at me får den opplevinga saman da, seier Hege Bøkko.

Publisert 27.10.2026, kl. 06.21

Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira