– Han såg noko i Sebastian som vi foreldre ikkje såg, fortel far Lars Magne Sponevik.

Han ser tilbake på augeblinken som på mange måtar gav sonen Sebastian ei tydeleg retning i livet. Ei retning som har ført til at han nyleg sende sjokkbølger gjennom Idretts-Noreg.

– Han er ikkje redd for noko. Det er vel det eg meiner, at han er litt sånn smågalen, seier far Lars Magne og smiler.

Og det var kanskje akkurat det som gjorde at han blei oppdaga.

  • LEIK: – Han var ein liten galning, seier trenar Jansen om unge Sponevik.

    Foto: Privat
  • SPAGAT: Sponevik blir skildra som fryktlaus frå tidleg alder.

    Foto: Privat
  • UHELL: Med ein fryktlaus liten gut kjem det ofte også skadar.

    Foto: Privat

Lette etter foreldra

Vi spolar tilbake til 2010. Fem år gamle Sebastian Sponevik hadde så vidt begynt å ta nokre saltoar på trampolinen saman med nabogutane i Asker.

Etter at familien hadde flytta til ein ny stad, drog dei på eit arrangement der barna kunne teste ut ulike idrettar og apparat. Sykkelklubbane lånte ut syklar, og turnklubbane lét folk teste seg på airtrack.

Femåringen ville teste turnutstyret, og spratt bortover madrassen.

Så kom ein mann bort til dei.

Foto: Privat

– Sebastian sprang bortover der og tok salto. Han var fem og eit halvt. Og så kom Espen bort og prøvde å finne foreldra da, fortel far Sponevik.

«Espen» var ingen ringarar enn turnlegenda Espen Jansen – også kjent frå NRK-serien «Mesternes mester».

Han har i ei årrekke vore ein sentral skikkelse i den lokale turnklubben på Jessheim.

– Visste du kven Espen Jansen var da?

– Nei, eg visste ikkje kven han var i det heile, eigentleg. Sjølv om han har vunne nesten 100 NM-medaljar.

ANTE IKKJE: Far Sponevik visste ikkje kven Espen Jansen var da han kom bort i 2010. I år stod dei saman på Gardermoen da Sebastian blei tatt imot etter VM-bronse.

Foto: Jonas Sandboe / NRK

Jansen spurde foreldra om ikkje Sponevik kunne tenke seg å bli med på eit «aspirantparti» i turn. Den nyinnflytta familien tenkte det var heilt ypparleg for femåringen å ha noko å gjere.

– Så har eg ikkje sett meg tilbake etter det. Det har blitt min andre heim, fortel Sebastian Sponevik.

HEIME: For Sponevik har turnhallen blitt som ein ekstra heim.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

– Ein liten galning

Jansen sjølv hugsar augeblinken godt.

– Han var ein liten galning. Altså, han var fryktlaus da, fem år og «bånn gass». Tok løpefart og var ikkje redd for nokon ting, fortel Jansen.

Han hugsar at han tenkte «han der har potensial».

Han stod saman med ein annan turntrenar, som med ein gong tenkte at han kunne blitt god i hopp. Jansen trudde han kunne klare resten av apparata òg. Og etter spørsmålet frå turnlegenda, sa foreldra ja.

– Eg hugsar for så vidt litt frå starten der. Etter at eg blei plukka opp der, så var det liksom rett på trening nokre dagar etterpå, seier Sponevik.

FALL FOR TURN: Sponevik såg seg ikkje tilbake etter at han gjekk inn i turnhallen for første gong.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Og frå da gjekk det i full fart.

– Han var eigentleg veldig mottakeleg, sjølv om han var fem år. Han gjorde det han fekk beskjed om, og han øvde heime. Han ville jo ikkje gå heim når treninga var ferdig, han ville gjere meir, seier Jansen.

– Det har eigentleg vore gjengs heile livet. Han gjer dobbelt så mykje som alle dei andre på trening. Da blir han også veldig god.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Feberdraum

Og det har han også blitt.

Sponevik skaka verdseliten da han sikra ein VM-bronse i hopp – den første VM-medaljen i noregshistoria i turn.

– Det er jo eigentleg heilt surrealistisk, seier trenar Jansen om opplevinga.

– Det kjentest nesten som ein feberdraum heile greia. For målet har alltid vore å ta medalje i VM, men ... Vi trudde ikkje at vi skulle klare det så raskt som vi klarte det, fortel Sebastian Sponevik.

STOLT: Sponevik viser fram bronsemedaljen frå VM i Nederland.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Men frå Sebastian (5) til Sebastian (21) har det også vore knallhardt slit.

– Eg har alltid vore litt konkurransemenneske, så om eg først skulle turne, så ... Det var eit tidleg «mindset» der da eg var liten, at eg hadde lyst til å bli god, fortel han.

– Ikkje berre gjere det for gøy, men faktisk konkurrere og gjere det bra i konkurransar. OL har alltid vore draumen sidan eg var liten.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Førre OL klarte han ikkje å kvalifisere seg til. Men nå er blikket retta framover, og det er OL i Los Angeles i 2028 som gjeld.

– Det blir lite tid til mykje anna. Eg har lagt studielivet på sida nå. I alle fall fram til OL, for å kunne drive med dette og satse hundre prosent på turn. Det er mykje anna som går bort, ja. Men det er nesten det ein må for å bli best i verda, seier han.

Hvem er folkets favoritt?

Publisert 19.11.2026, kl. 16.33

Source: NRK · Martine Sørhus, Glenn Kristian Olstad, Christian Ziegler Remme

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira