– Eg trur vi kjem til å kjenne på det, heile familien, seier Ida Solbakken.
NRK møter 22-åringen heime i leilegheita hennar i indre by i København.
Her, i det eksklusive strøket, i den danske hovudstaden har ho budd i fire år.
Ida flytta til byen allereie som 15-åring og blei att då foreldra flytta heim til Hamar då pappa Ståle Solbakken blei landslagssjef for Noreg.
HEIME: Ida Solbakken reknar seg som meir dansk enn norsk. Ho har budd i landet i sju år, og skriv betre dansk enn norsk.
Foto: Lars Bryne / NRKMen tysdag er både Ståle og mamma Anniken tilbake til den danske hovudstaden når «slaget om Norden» skal spelast i Parken – berre nokre få kilometer unna Idas heim.
Arenaen, som er vertskap for Danmark mot Noreg, betyr mykje for Ida.
Faren er ein stor profil i Danmark etter å ha leidd FC København i meir enn 300 kampar og 13 sesongar. Dette blir hans første retur til trenarbenken i Parken etter at han fekk sparken i 2020.
– Det kjennest jo spesielt at vi skal inn i Parken, seier Ida og fortset:
– Ja, eg voks jo på ein måte opp der ... den gongen eg var totalt uinteressert i kva som skjedde ute på banen. Eg kjente jo alle som jobba i Parken og alle barna til spelarane, så det var jo litt sånn familiestemning der.
SITT ANDRE HEIM: Parken har vore ein viktig del av Idas oppvekst. Her er ho avbilda av VG som 12-åring etter cupfinalesigeren over Brøndby.
Foto: Bjørn S. Delebekk / VGMassiv merksemd
Pappa Ståle bekrefta det sterke forholdet dottera hadde til arenaen då han møtte pressa dagen før Danmark-kampen.
Han fortel at dottera gjerne vil innom Parken kvar gong han er på besøk, utan at det har blitt noko av.
– Det blir sikkert litt spesielt for dei (familien). Ida er jo dansk da, men ho held med Noreg i morgon. Eg er forsikra om det, seier Ståle etter spørsmål frå NRK.
TETT FORHOLD: Pappa Ståle og dottera Ida under fotball-VM i USA.
Foto: PrivatJa, for sjølv om ho nå reknar seg som meir dansk enn norsk, er det liten tvil om at det er Noreg ho heiar på tysdag kveld.
Slik var det også under fotball-VM-et i sommar i USA. Då faren leidde dei norske stjernene til ein kvartfinale, var Ida og mamma Anniken ivrige supporterar på tribunen.
STØTTA PAPPA: Her er Ida og mamma Anniken under VM-eventyret i USA, der dei var fast inventar på tribunen.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBMen det som i utgangspunktet berre handla om å støtte faren og Noreg, enda også med store internasjonale overskrifter.
Undervegs i VM vakna Ida opp til oppslag i tabloidane The Sun og The New York Post.
– Det var familien min som sende meg melding der dei skreiv «Ida, no er du i New York Post», og eg har ikkje peiling på sånne ting, så eg berre «kva er New York Post?». Eg skjønte jo ingenting, seier ho.
22-åringen hadde nærast ikkje vore i media før dette.
– Det var veldig spesielt mest fordi eg aldri har opplevd noko liknande, seier ho om sakene i millionavisene.
Ida tar ein liten tenkepause.
– Også fordi det blei laga saker utan at dei hadde spurt meg om noko som helst. Det var jo ikkje eit intervju, det var jo berre saker med bilde frå mine sosiale medium, og at eg er jordmorstudent.
Mamma Solbakken: Ikkje førebudd
Over natta auka talet på Instagram-følgarar dramatisk, og er i dag oppe i nærare 40.000.
Samtidig fekk norske medium auga opp for Ståle Solbakkens dotter.
Mamma Anniken hugsar dei internasjonale oppslaga godt, men meiner dottera ikkje lèt seg påverke av slike ting.
– Altså, Ida er Ida. Ho er og har alltid vore spesiell. Og då på den heilt gode måten. Vi var på ingen måte førebudde på denne merksemda, men motsett har det heller ikkje influert verken henne eller livet hennar i nemneverdig grad. Ho held fokus, seier Anniken Solbakken.
Ida fortel at merksemda ikkje gjorde henne noko. Fokuset hennar er først og fremst å fullføre sisteåret av jordmorstudia i København.
Ho er faktisk så glad i både medisinfaget og studietida at ho også vurderer å ta legeutdanning.
JORDMOR: Ida studerer til å bli jordmor. Ho leikar også med tanken om å ta medisinstudiet.
Foto: PrivatNervevrak på tribunen
Ein ting er uansett sikkert: Studiane får ein liten pause tysdag kveld.
Då inntar ho tribunen for å sjå om pappa Ståle og det norske landslaget kan slå formsterke Danmark.
Det blir 90 minutt med sjølvpining, skal vi tru Ida og Anniken.
NERVEVRAK: Ida fortel at verken ho eller mamma Anniken har det noko spesielt bra undervegs i kampane Ståle leier.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Både mamma og eg blir heilt frykteleg nervøse. Ein koser seg ikkje før dommaren har blåst av og det er siger. Og om det ikkje er siger, så koser vi oss ikkje etterpå heller, ler ho.
– Følger du mykje med på pappa undervegs?
– Planen er å følge det som skjer på banen, men det kjem nok eit blikk eller to nedover mot sidelinja der, ja.
Publisert 17.11.2026, kl. 12.06 Oppdatert 17.11.2026, kl. 12.27
Source: NRK · Lars Bryne
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira