Aktor Inger Myklebust har lagt ned påstand om fengsel i 10 år for ein mann i 30-åra og i seks år i fengsel for ein mann i 40-åra.

Dei er tiltalte for å ha utsett ein mannleg kollega for grov kroppsskade, valdtekt med ein gjenstand og for å ha forlate han i hjelpelaus tilstand.

Dette skal ha skjedd på ein brakkerigg ved Ulstein verft i mars.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Valdshendinga

    Like etter klokka 10 søndag 15. mars fekk politiet melding om ei valdshending på ein brakkerigg i Ulstein.

    Inne på eitt av romma fann dei ein mann som var svært hardt skadd.

    Han skal ha blitt utsett for vald som skal ha skjedd mellom klokka 02 og 03.

    Politiet gjorde fleire avhøyr på staden, og dei blei peikt til ein mann i 30-åra og ein mann i 40-åra som dei aktuelle gjerningspersonane.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Hardt skadd

    Dei to mennene blei sett i varetekt, og den første tida hadde dei brev- og besøksforbod.

    Påtalemakta meinte det var fare for at dei kunne forlate landet viss dei ikkje var fengsla.

    Den fornærma mannen blei innlagt på sjukehus, og det tok fleire veker før politiet kunne avhøyre han.

    Statsadvokat Inger Myklebust har tidlegare fortalt at skadane kunne vore livstruande viss han ikkje fekk behandling.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Tiltalt

    I september tok Statsadvokatane i Vest ut tiltale mot begge dei to mennene.

    Dei vart tiltalte for grov kroppsskade, grov valdtekt og for å ha sett ein person i hjelpelaus tilstand.

    Påtalemakta meinte at dei hadde brukt ein gjenstand til å valdta fornærma.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Rettssaka

    I oktober starta rettssaka mot dei to mennene.

    Mannen i 30-åra erkjenner straffskuld, og tar på seg alt ansvaret for det som har skjedd.

    Påtalemakta meiner at han har vore mest aktiv i valdsutøvinga og valdtekta.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Rettssaka

    Mannen i 40-åra nektar straffskuld.

    Det finst video- og bildebevis som knyter han til staden under valdsutøvinga, i tillegg til vitneforklaringar.

    Samtidig meiner påtalemakta at han har deltatt mindre i valdsutøvinga.

    Likevel er han tiltalt på lik linje som mannen i 30-åra, fordi påtalemakta meiner han burde gjort meir for å hindre valden.

– Livet tok ei ny vending

Aktor meiner at den tiltalte i 30-åra har hatt størst rolle, men at mannen i 40-åra har medverka til deler av valden.

– Det er snakk om ekstrem vald, og også valdtekt. Det er skjerpande og sadistisk. Det er tilfeldig at fornærma lever når dette er overstått, sa aktor under prosedyren sin.

Ho meiner også at mannen i 40-åra kan straffast for valdtekta fordi han ifølge påtalemakta ikkje greip inn.

– Han hadde orkesterplass, hevda Myklebust.

Politietterforskar Cathrine Kristiansen og aktor Inger Myklebust. I retten har dei lagt fram bevis som dei meiner knyter begge dei tiltalte til valdshendinga.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Fornærma blei alvorleg skadd i hendinga og skal også ha fått varige skader som følge av valden.

– For fornærma tok livet ei heilt ny vending natt til 15. mars i år. Legane berga livet hans, men livet har på mange måtar ikkje kome tilbake, sa aktor under prosedyren sin.

Reagerte

Mannen i 30-åra har erkjent straffskuld etter tiltalen, mannen i 40 har nekta.

Den tiltalte i 30-åra tok til tårene og blei tydeleg prega då aktor la ned påstanden om straff.

Han fekk noko strafferabatt for å ha tilstått.

Onsdag ettermiddag er det prosedyrar i retten.

Festa ilag i forkant

Det var i mars at fleire kollegaer var samla på brakkeriggen i Ulstein og drakk alkohol.

I retten hevda tiltalte i 30-åra at det oppstod ein konfrontasjon mellom han og fornærma, etter at vedkomande skal ha kalla han eit seksuelt nedsettande ord.

Mannen tolka det som at kollegaen visste at han hadde sona i heimlandet, då det skal ha vore eit uttrykk som blir brukt i fengsel.

– Det er den verste fornærminga ein kan bruke, har tiltalte forklart.

Mannen hevda han prøvde å roe ned situasjonen, men at fornærma skal ha yppa både verbalt og fysisk. På eit tidspunkt gav tiltalte han eit slag.

Ifølge tiltalte skal dei seinare ha ordna opp. Saman med andre reiste dei så på byen.

Fleire av dei som budde på brakkeriggen reiste ut på byen ilag. Tiltalte og den fornærma skal ha gått frå uteplassen omtrent samtidig.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Ville håne kollegaen

Då dei på natta kom tilbake til brakkeriggen oppstod det ein slåstkamp.

Mannen i 30-åra hevdar fornærma gjekk til angrep idet han skulle låse seg inn på rommet sitt, og at han i første omgang forsvarte seg.

I gangen skal fornærma ha blitt utsett for slag og spark. Han skal også ha blitt valdtatt med ein gjenstand.

Den fornærma og dei to tiltalte hadde rom i nærleiken av kvarandre på brakkeriggen. I gangen skal fornærma ha blitt utsett for ei grov valdshending.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Tiltalte i 30-åra har sagt at han var svært full og at det er mykje han ikkje hugsar. Likevel har han tatt på seg ansvaret for hendinga.

Samtidig har han nekta for at valdtekta var gjort med hensikt.

Mannen har sagt at han putta ein gjenstand mellom beina på kollegaen for å håne han, og at det var på grunn av det nedsettande ordet fornærma skal ha brukt tidlegare på kvelden.

– Eg må leve med det eg har gjort resten av livet. Eg skammar meg og angrar bittert, har han sagt under rettssaka.

Den tiltalte i 40-åra har nektar for å ha vore involvert, men at han kan ha vore til stades under deler av hendinga.

Mellom anna blei det funne ein rekke digitale bevis på telefonen til den medtiltalte som knyter mannen til åstaden.

Det finst også bilde, video og lydmeldingar frå deler av hendinga.

Låg skadd i timevis

Fleire personar skal ha vore vitne til deler av hendinga.

Likevel blei ikkje naudetatane kontakta før neste dag.

På eit tidspunkt skal dei to tiltalte ha flytta fornærma inn på rommet hans.

Den tiltalte i 30-åra har hevda at han ville ha kontakta naudetatane om han visste kor skadd kollegaen var.

Dei tiltalte skal også ha vaska vekk blod frå gangen.

Mannen i 30-åra forklarte at dette blei gjort fordi han var redd at alle tre kom til å miste jobben dersom valdshendinga blei oppdaga.

Livstruande skader

I retten har sakkunnige gått gjennom skadane fornærma fekk.

Dei peika på at mannen fekk alvorlege skader i valdshendinga, både fysiske og psykiske. Mellom anna fekk han skadar i hjernen.

Han skal også ha fått fleire skader som potensielt kunne ha vore livstrugande, om han ikkje hadde fått medisinsk behandling.

Skadane var i samsvar med slag, men også spark og trakk.

Dei sakkunnige meiner også at mannen har fått ei invaliditetsgrad som følge av valden.

Fornærma sin bistandsadvokat, Kaja Sawczuk, har lagt ned fleire krav om erstatning og oppreising for mannen.

Totalt er det snakk om krav på 3,5 million fordelt på dei tiltalte, seier ho til NRK.

Bistandsadvokat Kaja Sawczuk.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– For lite strafferabatt

Lukasz Pawel Niedzielski, forsvararen til tiltalte i 30-åra, meiner at hans klient har fått for lite strafferabatt, og at ein rabatt på 20-30% hadde vore meir rett.

Niedzielski meiner at tiltalte var tidleg ute med å tilstå og at han også skal ha samarbeida med politiet, mellom anna ved å opne opp telefonen sin.

På den blei det funne ein rekke bilde, videoar og talemeldingar som viste deler av valdshendinga.

– Hadde det ikkje vore for mobilen hans, hadde ein ikkje visst halvparten av det vi veit.

Niedzielski meinte også at retten må ta omsyn til konfrontasjonen som skal ha skjedd mellom fornærma og tiltalte i forkant av valdshendinga, og sjå på det som ein slags provokasjon.

Lukasz Pawel Niedzielski, forsvararen til tiltalte i 30-åra, meiner at påstanden om straff som aktor har kome med er alt for streng.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Hugsar ingenting

Den fornærma har forklart at han ikkje hugsar valdshendinga eller kva som skjedde i forkant.

Samtidig kjende han ikkje til at det skal ha vore nokon konfliktar eller andre problem mellom han og dei tiltalte.

Ektefelle til tiltalt: – Det er det verste natta i mitt liv

Publisert 21.10.2026, kl. 11.14 Oppdatert 21.10.2026, kl. 14.18

Source: NRK · Silje Steinnes Bjerknes, Fride Kvamsøe Rekdal

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira