Det er i den ferske episoden av NRK-suksessen «A-laget» at landslagssjef Ståle Solbakken opnar opp om temperamentet til dottera Ida.
– Ho som er minst av barna mine, er også ho som har det største temperamentet. Det er veldig, veldig sjeldan, men når vi begynner å krangle, går dei andre, seier Solbakken i episoden og legg til:
– Da veit dei at «nå smell det her».
Ståle Solbakken smiler breitt og haustar mykje latter frå reporterane i «A-laget» når han snakkar om temaet.
MØTER A-LAGET: Laurdag møter Ståle Solbakken reporterane i A-laget.
Foto: Monster / NRKNoreg-sjefen er kjent for å vere lidenskapeleg og tidvis amper på sidelinja, noko ein såg fleire gongar under fotball-VM i USA.
Men det kan altså bli full fyr også på heimebane.
– Dei aller fleste gongane klarer vi å finne ut av det sjølv, men så er det kanskje ein gong eller to at Anniken (kona) må gå inn og mekle. «No må éin av dykk gå og be om unnskyldning», seier han.
Begge er like sta
Ida Solbakken bekreftar det pappa Ståle fortel i laurdagens episode av «A-laget».
Overfor NRK avslører ho at det er fleire sider enn temperamentet ho har arva frå faren.
– Utover å ha same temperament, er vi nok like sta begge to. Så ikkje nok med at vi blir akkurat like sure, vi er akkurat like sikre i vår sak kvar gong. Ingen av oss vil innrømme at vi tar feil, seier Ida Solbakken og ler.
22-åringen blei igjen i København da faren var ferdig i FC København og flytta heim til Hamar. Ho studerer til å bli jordmor i den danske hovudstaden.
I KVART SITT LAND: Ida Solbakken bur i Danmark og studerer til å bli jordmor. Pappa Ståle har flytta heim til Hamar.
Foto: PrivatIda fortel at ho og faren kranglar sjeldnare enn før.
– Vi har eit utruleg tett og bra forhold. Vi krangla aldri da eg var liten, litt meir i ungdomsåra, også no i vaksen alder begynner det å bli mange år sidan vi ordentleg har ropt og skrike av kvarandre, eg hugsar ikkje sist i alle fall, seier ho.
Monster / NRK
Gjestane i «A-laget», sesong 3
Premiere: 24. oktober på NRK og NRK TV
Javad Parsa / NTB
Ståle Solbakken
- Landslagssjef for Noreg sine fotballherrar
- Sendedato: 24. oktober
Elisabeth Grosvold Altenborg / NTB
Prinsesse Märtha Louise
- Prinsesse og forretningskvinne
- Sendedato: 31. oktober
Simen Velle
- Stortingspolitikar (Frp)
- Sendedato: 7. november
Monster / NRK
Gro Harlem Brundtland
- Tidlegare statsminister, politikar og lege
- Sendedato: 14. november
Anders Martin Leines / NRK
Jon Øigarden
- Skodespelar
- Sendedato: 21. november
Paul S. Amundsen / NTB
Anne B. Ragde
- Forfattar
- Sendedato: 28. november
Alem Zebic / NRK
Therese Johaug
- Tidlegare langrennsstjerne, noverande NRK-ekspert og forretningskvinne
- Sendedato: Tidleg i januar, dato vil bli annonsert
Javad Parsa / NTB
Petter Stordalen
- Hotelleigar, eigedomsutviklar og investor
- Sendedato: Tidleg i januar, dato vil bli annonsert
Alkohol-diskusjonar
Å vere norsk i Danmark har ikkje alltid vore like lett for far og dotter Solbakken, spesielt når det gjeld alkohol.
Hos naboane våre i Danmark kan ein kjøpe øl og sider som 16-åring. I Noreg er reglane som kjent noko strengare.
Når éin av reporterane i A-laget spør om det ofte er det same dei krangla om, svarer landslagssjefen:
– Det var ein periode da vi budde i København. Ho var 15, 17 og 18, og ho skulle gå ut på byen. I Danmark kan du begynne å drikke litt når du er 16, mens ein i Noreg må vente til ein er 18. Eg følgde dei norske reglane mens ho følgde dei danske reglane, seier Solbakken og fortset:
– Eg ville at ho skulle vere heime klokka to, mens ho ville vere ute heile natta. Det er sånne ting, ikkje sant?
FAMILIE: Ståle Solbakken med kona Anniken og dottera Ida på tribunen under VM i USA.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Alltid vore ein snill og omsorgsfull pappa
Ida Solbakken mistenker at faren har irritert seg meir over dette enn ho trudde i oppveksten.
– Eg veit ikkje om det var så mykje diskusjonar om det, fordi han var veldig tydeleg på kva reglane hans var, som jo var dei norske. Eg såg berre litt annleis på det fordi eg flytta til København som 15-åring og drikkekulturen er ein heilt annan der – der er det normalt å drikke som 15–16 åring, seier ho.
Kranglar og heftige diskusjonar til trass, Ida hyllar Ståle som far.
SØSKEN: Ida Solbakken saman med den eine broren sin, Markus Solbakken.
Foto: PrivatSaman som familie har dei opplevd ulike land, byar og kulturar.
– Oppveksten har jo til tider vore ein litt annleis enn mange andre sin fordi han har hatt ein jobb som inneber mykje reising og flytting, men det blei jo vi barna fort vande med etter å ha budd i både Noreg, Danmark og Tyskland i løpet av ganske får år, seier ho og legg til:
– Pappa har saman med mamma gitt meg og brørne mine ein utruleg fin oppvekst. Han er, og har alltid vore, ein veldig snill og omsorgsfull pappa.
Publisert 24.10.2026, kl. 08.05
Source: NRK · Lars Bryne
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira