«Me er mykje sterkare enn me trur, og me toler mykje meir enn me trur.»
Orda er Agnes Klevmark (27) sine. Ho sa dei i 2024 då ho og kjærasten Lage Dokken (28) jobba på spreng for å få taket på kårhuset tett – eit krypinn på 20 kvadrat, som i dag er blitt heimen deira.
Den gongen – for to år sidan – snakka ho om det nærast umoglege prosjektet ho og Lage hadde hive seg i gang med: å setja det forfalne småbruket Bøle i Valdres i stand – og fylla det med liv.
Dei hadde brote opp frå Oslo og satsa alt på den gjengrodde garden. Dei brydde seg ikkje om at det såg håplaust ut. Dei merka at dei hadde det bra med all jobben, sjølv om arbeidsdagane kunne bli både 12 og 14 timar lange. Dei klemde berre på, hadde kreftene som skulle til – og kjende at dette var det rette for dei begge – eit litt enklare liv nærare jorda og naturen.
UREDD: Agnes Klevmark er utdanna fotograf og har arbeidd i media, men har hive seg uti både husbygging og gardsarbeid.
Foto: Torje Bjellaas / NRKMen det var ein ting dei ikkje visste då dei låg der på taket for å tetta det før vinteren. Dei var uvitande om at det inni Lage grodde alvorleg sjukdom. Dei visste ikkje kor sanne orda til Agnes skulle bli for tida som skulle koma, berre fylt med eit større livs-alvor:
Me er mykje sterkare enn me trur.
Ein vond beskjed
Eit år seinare er taket tett, og Agnes og Lage er komne vel i hus.
Ute er det forseinka våronn. Juni står for døra, og enno er ikkje gulrotfrøa og setjeløkane komne i jorda.
SJØLVBERGING: Agnes og Lage har ein draum om å ha småbruket som eit av fleire levebrød.
Foto: Torje Bjellaas / NRKFramdrifta på småbruket har stoppa opp. Det har sin grunn:
Året før hadde Lage byrja å få verk i hovudet og gjekk til lege. Etter kvart blei det oppdaga ein svulst i hjernen. Svulsten blei operert ut, men i etterkant fann legane kreftceller i han.
– Du får eit slags sjokk. Det er ikkje ein beskjed du forventar å få som 26-åring, at du har kreft, seier Lage.
– Kreft er ein sjukdom som folk døyr av, så det fyrste du tenkjer er «dæven». Du får ein kraftig påminnar om at livet er sårbart, og at du ikkje veit kor lang tid du har.
Eit tiårsprosjekt
Heile etterjulsvinteren og våren har det vore hard cellegiftbehandling. No blir Lage stråla måndag til fredag av dyktige fagfolk på Radiumhospitalet i Oslo.
I helgene får Lage koma heim til Bøle. Det er ei kjærkomen avkopling frå behandlinga. Lage merkar at det gjer han godt.
Med trillebår køyrer han og Agnes på ny mold i beda der grønsakene skal dyrkast.
Lage er ikkje ein som sparar seg, men arbeidstempoet er ikkje slik det pleier å vera. Det går mest i fyrste gir, ifølgje han sjølv. Ofte må han ta pausar.
– Det er kjedeleg. Eg skulle gjerne ha gjort mykje meir.
HELGEPERM: For Lage er Bøle medisin. Garden er ein stad for å henta seg inn mellom behandlingane i Oslo.
Foto: Torje Bjellaas / NRKLage har sett seg ned framfor det slitne hovudhuset, der det ikkje har budd folk fast på fleire tiår, og der taket held på å falla saman.
– Våren går no. Sommaren òg. Og me får ikkje gjort alt me vil. Det går nok ti år før alt dette er ferdig, og sikkert meir.
Møtt med smil
Lage har stridd mot kreften, men har ikkje kjempa åleine.
– Eg har hatt med meg ei som er blid, som ser lyst på ting, og som ikkje grev deg ned, men alltid er med på å løfta deg opp, som møter deg med eit smil. Det er gull verdt – og har vore heilt alfa og omega for meg.
Frå trappa framom hovudhuset kan Lage sjå Agnes jamna jorda i beda. Snart byrjar ho å finna fram grønsakfrøa som skal såast.
– Ho har vore veldig på at ho skal vera med meg gjennom dette. Å ha ei slik støtte er ein stor fordel. For eit sjukdomsforløp som dette er vel så mykje mentalt krevjande, som fysisk.
Ikkje gå gjennom dette åleine
– Eg prøver veldig å vera sterk for han, og ikkje å leggja sorga mi på han, seier Agnes.
Ho har fått frøa i jorda og har sett seg under bjørketreet på tunet – i skuggen for forsommarsola og under det nysprotte lauvet som ringlar i vinden.
Agnes blir blank i augo.
Å halda fast i det gode
Medan Lage har blitt behandla, har Agnes prøvd å halda fast på dei positive teikna og dei gode beskjedane frå legane. Det vonde har ho prøvd å skubba vekk. Det er ikkje alltid enkelt.
– Stundom har det vore heilt jævlig, for å seia det rett ut. Heile tida har det kome nye beskjedar. Når du har fått ei god melding – som at det «mest sannsynleg ikkje er noko farleg» – held du så utruleg hardt fast i det og stolar så innmari på det.
– Når du då får ein ny beskjed – «me fekk ikkje ut alt i operasjonen, så Lage må gjennom meir behandling» – bles det vekk den lyse skya du prøver å sveva på, og for kvar slik uventa beskjed fell du vondt og hardt ned. Du er jo klar over at slike tilbakeslag kan koma, men du ønskjer ikkje å gå rundt og tenkja på at det verste kan skje. Du har eit så inderleg ønske om at det skal gå bra.
TØFF BEHANDLING: Lage tek kreftmedisin på ein av dei mange behandlingane ved Radiumhospitalet i Oslo.
Foto: Agnes Klevmark / NRKÅ bli kjent på nytt
Mange av oss har opplevd det: Når ein du har kjær blir alvorleg sjuk, og du sjølv plutseleg blir pårørande, kan samlivet ein har i lag plutseleg sjå litt annleis ut. Og ein må bli kjent med kvarandre på nye måtar.
Etter at Lage fekk kreft, er han ikkje lenger berre den dugande, hardtarbeidande tradisjons-tømraren som aldri gir seg før jobben er gjort, og gjort skikkeleg. Brått er han òg ein ung mann som mister kreftene, som blir kvalm av cellegifta, og som må liggja lange stunder på sofaen for å henta seg inn att etter rundane med hard behandling.
Agnes ser korleis den sterke kjærasten hennar blir svakare. Slikt er vondt å vera vitne til.
HASTEKONTROLL: Lage har fått uventa smerter i hovudet og må på ein hastekontroll. Heldigvis er det ikkje tilbakefall.
Foto: Torje Bjellaas / NRKMen samstundes som Lage misser kreftene, ser ho andre sider ved personlegdomen hans som kjem tydelegare fram – karaktertrekk som gjer inntrykk:
– Han er utruleg sterk mentalt. Eg er heilt imponert over korleis han maktar å halda humøret oppe. Han tek ingen sorger på forskot, og han bekymrar seg lite. Han tenkjer ikkje på noko som helst før legen har gitt han ein skikkeleg grunn til å tenkja over ting.
Håp i eit felles prosjekt
Medan Lage og Agnes står i sitt livs hardaste kamp, er det noko som hjelper. I tillegg til styrken dei hentar frå kvarandre, finn dei òg glede i noko anna:
Bøle. Prosjektet deira. Det dei saman har satsa alt på.
Om oppbygginga ikkje går så raskt som dei ønskjer, legg dei planar, og planlegginga gjer dei godt.
TIL NEDFALLS: Hovudhuset på garden er ubebueleg, men Agnes og Lage har planen klar for å setja det i stand att og gjera det til ein heim.
Foto: Torje Bjellaas / NRKÅ tenkja på kva som skal skje på garden framover, gir dei ei retning gjennom all uvissa, ei retning for det livet dei vil skapa saman. Lage må berre bli frisk fyrst.
Begge vil bli bønder, sånn på ordentleg. Ein ting er å setja bygningane i stand att, men småbruket må òg fyllast med liv.
Dei bestemmer seg for å få skaffa seg dyr – sju sauer frå Snertingdal.
Sauene kjem til Bøle seinhaustes. Vinteren og våren går, og når juni i år nærmar seg, er sju sauer blitt til sju sauer og ni lam.
Alle dyra er komne ut på det grønkande beitet, utanom dei tre minste lamma. Dei må fyrst få øyremerket på.
– Det er veldig koseleg med nytt liv på garden, seier Agnes.
Den ferske sauebonden står med eit tre dagar gamalt lam i armane. Lage har funne fram ei spesial-tong. Med kraft klemmer han fast merket i øyret til lammet.
BRATT LÆRINGSKURVE: Som ferske bønder må Agnes og Lage læra og gjera mykje nytt gardsarbeid, som å øyremerka dei nyfødde lamma.
Foto: Torje Bjellaas / NRKAgnes set lammet ned att i båsen. Raskt søkjer det til den ventande mora.
– Det er fint å sjå kor bra sauene får til lamminga sjølv, og kor sterkt morsinstinktet er. Det er ein stor tryggleik for oss.
Den største endringa på garden er likevel ikkje sauene og lamma, men det som har skjedd med Lage.
Arbeidstempoet nærmar seg gamle høgder. Frå å ha arbeidd 40 prosent gjennom vinteren, jobbar han no fulle dagar att.
Snart eit år har gått sidan kreftbehandlinga blei avslutta. Lage går på jamlege kontrollar, fordi det er ein viss sjanse for tilbakefall. Svara er oppløftande.
– Det er att ein liten rest-svulst, som legane meiner er ein daud klump, meir som eit arr du har på huda etter eit sår. Rest-svulsten krympar stadig, og no er han blitt så liten at det nesten ikkje er mogleg å setja mål på han, seier Lage:
– Slike beskjedar er gode å få. Sjølv om du prøver å ikkje tenkja for mykje på det, så tenkjer du litt på det ein gong iblant likevel. Då hjelper det jo på å få gode tilbakemeldingar.
TRADISJONS-LAFT: Lage lever av å lafta. I løpet av vinteren og våren har bygd ferdig eit anneks til ein hytteeigar.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Det er fantastisk å sjå korleis kreftene kjem tilbake, seier Agnes:
– Me kjenner oss berre utruleg heldige at han er komen gjennom ei så hard behandling, med både stråling, cellegift og operasjonar – og klarar seg såpass bra, utan seinskadar, seier Agnes.
– Det er godt å vera her, på denne sida av det. Det er fleire som er uheldige og hamnar på andre sida av det. Det skal ein vera takksam for, seier Lage.
Lage måtte trøysta Agnes
I denne tida har Agnes vore der for Lage, slik mange pårørande stiller opp for ein som står dei nær, sjølv om det kan vera krevjande.
Ofte handlar det om eit indre tildriv for å hjelpa. Det kan kjennast som om eit automatgir slår inn i deg, utan at du tenkjer på om motivasjonen er der, slik at ein i ettertid, når stormen har lagt seg, kan tenkja: Korleis klarte eg dette?
EIT KALL I LIVET: Agnes har tidlegare slite med å finna ut kva ho skal driva med i livet: – Eg har aldri tvilt når det har kome til dyr og det å vera ute i naturen. Det blir eg aldri lei av.
Foto: Torje Bjellaas / NRKDrivkrafta for å gi omsorg har vore så sterk, at du i tida etterpå kan forundra deg over at du har tolt å stå i alt, og kanskje har du tenkt det Agnes sa på taket den gongen: Jammen, er me sterkare enn me trur.
For Agnes kjendest det som ei sjølvfølgje at Lage ikkje skulle gå gjennom den krevjande tida åleine.
Sjølv om ho heile vegen gjerne ville vera sterk for han, var det nokre gonger at det var Lage, den kreftsjuke, som måtte trøysta henne:
– Han sa ein gong til meg: «Det er så rart at alle sit her og gret til meg, at alle fortel meg kor fælt dei har det. Men så forstår eg dei òg. For hadde det vore deg, hadde eg hatt det på heilt same måte.»
– Ein ung mann som er kreftsjuk, men som klarar å ta inn korleis du har det som pårørande?
– Ja ... Nei, han er laga av noko anna, altså. Eg veit ikkje korleis ein blir slik. Men han er så sterk.
Eit livets under
Mai er blitt jonsok. 1000 meter over havet skal sju sauer og ni lam førast over fjellet – til friskt gras på sommarsetra for fyrste gong.
BUFØRING: Agnes og Lage fører den vesle buskapen sin til sommarbeitet på stølen. Agnes sitt søskenbarn Timothy er òg med over fjellet.
Foto: Torje Bjellaas / NRKPå ein sti gjennom lyng og forbi fjellbjørk går Agnes og Lage med alle 16 sauene mellom seg. Agnes går fyrst, lokkar og ristar med kraftfôrbøtta. Lage går bak og stoppar dei dyra som vil snu eller stikka seg vekk mellom lyngrabbane.
– Det er brå vendingar i livet, seier han.
For eit år sidan blei han behandla for kreft. No går han frisk over fjellet, som fersk sauebonde med ein flokk husdyr rundt seg, og saman med kjærasten sin.
Det er ikkje berre den livsendringa Lage tenkjer på. No har også noko anna skjedd. Eit livets under:
Agnes er gravid. I desember skal ho og Lage bli foreldre.
– Det har kanskje ikkje heilt gått opp for oss, men me gler oss veldig, seier Lage.
Han og Agnes har vore på ultralyd og fått vita at det blir ein gut.
MOR FOR FYRSTE GONG: – Det er veldig fint å tenkja på at me skapar eit menneske som er ein del av Lage og meg, seier Agnes.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Det er utruleg stas med eit nytt barn på Bøle. No startar livet på garden liksom på ordentleg. Eit lite barn skal veksa opp her, og det skal ha det som heimen sin. For oss er Bøle framleis relativt nytt, men guten vil ikkje kjenna til noko anna, seier Agnes:
– Me skapar eit nytt menneske som er ein del av oss to, legg ho til og ser bort på Lage:
– Deg og meg i ein miniversjon. Det tykkjer eg er utruleg koseleg å tenkja på.
Det er liksom oss!
Lokkinga – og litt kraftfôr – får sauene over fjellet. Dyra nærmar seg Bølestølen nede i dalen.
På dei to og eit halvt åra som har gått sidan Agnes og Lage flytta frå byen og inn på Bøle, har mykje endra seg: Det unge paret har sett i stand ein liten heim, dei er blitt sauebønder, Lage har fått kreft – og er frisk att, og no skal dei snart òg bli foreldre til ein liten gut.
SNART MOR OG FAR: Midt i alt nytt gardsarbeid har livet til Agnes og Lage gjort ei brå vending – mot det særdeles gode.
Foto: Torje Bjellaas / NRKI løpet av tida i Valdres har Agnes merka at også noko anna har endra seg – eller rettare sagt forsterka seg: Det er kjenslene ho har for kjærasten sin.
– Då Lage blei sjuk, var eg veldig redd for korleis det skulle gå. Men det me har gått gjennom, har berre styrkt tankane mine om at han er den einaste for meg. Eg ser ikkje føre meg ei framtid utan han. Ja, viss ikkje det er han, så er det ingen andre, på ein måte. Han måtte berre bli frisk, for det er liksom oss!
SOMMAR PÅ STØLEN: Agnes og Lage kan kvila ut på stølen etter å ha ført sauene over fjellet.
Foto: Torje Bjellaas / NRKSjå to nye episodar om Agnes og Lage på Bøle i Valdres her:
Publisert 29.11.2026, kl. 19.18
Source: NRK · Noralv Pedersen, Raymond Lidal, Torje Bjellaas
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira