– Kong Harald forfremja 12. mai artisten Åge Aleksandersen til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Det skriv kongehuset i ei pressemelding torsdag.
Dekorasjonen blir overrekt ved eit arrangement i Samfundet laurdag 21. november.
Frå riddar til kommandør
I 2006 blei Aleksandersen slått til riddar av St. Olavs Orden.
– Dette er ei ære og eg vel å ta i mot ordenen på vegner av ein heil bransje og ei heil musikkform, då blir det lettare å bere, sa Aleksandersen i 2006.
No er han forfremja til kommandør.
St. Olavs Orden
St. Olavs Orden blir tildelt som påskjøning for utmerkande forteneste for Noreg og menneskeslekta.
St. Olavs Orden har eksistert sidan 1847 og blei innstifta av Kong Oscar I.
H.M. Kongen er ordenen sin Stormeister.
Ordenen er kalla opp etter Olav den heilage, og er inndelt i tre grader: Storkors, Kommandør og riddar.
Publisert 12.11.2026, kl. 12.40 Oppdatert 12.11.2026, kl. 13.01
Source: NRK · Sunniva Skurtveit
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira