I rettsdokument NRK har fått tilgang til, kjem det fram detaljerte opplysningar om bevisa politiet meiner å ha mot den terrorsikta tenåringen.
Heilt sidan i vår, og fram til han blei pågripen heime i slutten av mai, skal guten ha førebudd eit angrep, meiner påtalemakta.
Ifølge siktinga bygger saka til politiet på følgande førebuingar og funn:
- Han skal ha skaffa kniv og økser, og dessutan spesifikke klede som skulle brukast under angrepet.
- Han skal ha gjort målretta søk på nett, og dessutan fysisk oppsøkt og filma barnehagar.
- Han skal ha skrive eit manifest som blei delt med fleire.
- Han skal ha studert videoopptak av tidlegare terrorhandlingar.
- Han skal ha delt informasjon om det planlagde angrepet på TikTok.
- Han skal ha planlagt å strøyme terrorhandlinga direkte på plattforma Twitch, og bede andre brukarar om å dele sendinga.
Fekk psykosediagnose
Sidan pågripinga har guten sete i eit ungdomsfengsel, men i dei siste fengslingsmøta har den psykiske helsa til guten blitt eit sentralt tema.
I ein sjukehusrapport kjem det fram at 16-åringen har fått ein tentativ diagnose på uspesifisert paranoid psykose.
Helseopplysningane har skapt usikkerheit om tilreknelegheita til guten, men tysdag vedtok Vestfold tingrett å forlenge varetektsfengslinga med to veker.
Domstolen meiner faren for at han vil gjere seg skuldig i nye lovbrot er for stor til at han kan settast fri, og peikar på at verken psykiatrien eller barnevernet har eit eigna tilbod til han.
I fengselet skal 16-åringen blant anna ha uttalt til helsepersonell at Hitlers nazisme er den «perfekte ideologi», og at han er usikker på om han vil ta antipsykotiske medisinar dersom han blir sloppen fri.
Treng ny psykiatrisk vurdering
Opphavleg hadde to rettspsykiatrisk sakkunnige vurdert guten i sommar. Men dei nye medisinske opplysningane gjer at tilreknelegheita hans må vurderast på nytt.
Politiadvokat Lise Dalhaug i Sør-Aust politidistrikt bekreftar overfor NRK at politiet nå har bede dei sakkunnige om ein ny uttale.
– Vi har bede om ei tilleggserklæring fordi det har komme fram ny informasjon i helsejournalane. Nå må vi eigentleg berre avvente henne, seier Dalhaug.
Politiadvokat Lise Dalhaug har bede om at det blir gjort ei tilleggsundersøking av den sikta guten.
Foto: Tom Erik Haugland / NRKOm dei sakkunnige konkluderer med at han mangla skyldevne, kan han ikkje straffast med fengsel. Politiet har frist i slutten av november med å sende saka over til statsadvokaten for tiltale.
Nektar straffskuld
Guten har heile tida nekta straffskuld. I avhøyr har han forklart at utstyret, manifestet og planane berre var eit uforpliktande rollespel på nett, såkalla «LARP».
Forsvararen til den sikta, advokat Armin Khoshnewiszadeh, har ikkje svart på NRKs førespurnader, men har tidlegare vore tydeleg på at han ikkje ønsker å kommentere saka.
Advokat Armin Khoshnewiszadeh er forsvararen til 16-åringen.
Foto: Laik Hanbaly / NRKVestfold tingrett har sett av tid til ei eventuell rettssak i slutten av januar 2027.
Publisert 04.11.2026, kl. 17.34
Source: NRK · Tom Erik Haugland
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira